Stortingsrepresentant og medlem i justiskomiteen for Senterpartiet, Jenny Klinge, er på besøk i Søre Sunnmøre tingrett i Volda. Ho er imponert over sorenskrivar Elisabeth Wiik sin ståpåvilje og offensive haldning, i ei tid då dei små domstolane vert vurdert fjerna.

– Det er svært kjekt å kome til ein domstol som gjer så godt arbeid som i Volda. Det er ingen grunn til at tingretten her skal leggjast ned, seier Klinge. Ho sit no si andre periode i justiskomiteen, og fortel at ho er oppteken av at heile landet skal ha gode tenester innan politi og domstolar.

For langt

Nærleik til desse tenestene er noko eg vil kjempe for. Det er drastisk når domstolsadministrasjonen (DA) ønskjer å redusere talet på domstolar frå 66 til 30. Det er å gå for langt, meiner Klinge.

Ifølgje avdelingsdirektør Willy Nesset i DA, er større domstolar meir kostnadseffektive å drifte, og vil gi en rekkje fordelar.

- Vi meiner at å redusere talet på domstolar vil gi større og kraftigare einingar med betre fagmiljø. Det vil og bli lettare å rekruttere, har Nesset tidlegare sagt til smp.no.

Les også: Søre Sunnmøre tingrett kan bli nedlagt

Regjeringa har sagt at dei vil sjå nærare på domstolsstrukturen, og forslaget frå DA må gjennom fleire høyringsrundar før noko vert endeleg bestemt. Tingretten i Volda er ein fullfagleg domstol som behandlar straffesaker, sivilsaker, skiftesaker og tvangssaker. I tillegg tilbyr domstolen notariustenester og vigslar. Ei nyleg utlyst stilling som saksbehandlar fekk heile 40 kvalifiserte søkjarar.

– Dersom dei som styrer ønskjer at folk skal busette seg andre stader enn i Oslo, må dei leggje til rette for at folk kan busetje seg der dei vil, seier sorenskrivar Wiik.

Ho vel å ikkje tenkje på at tingretten i Volda kan vere trua. Eg fokuserer på at tingretten skal yte gode tenester og korleis vi kan verte betre. Både Wiik og Klinge meiner at ein må sjå på nye samferdsleårar og forbi gamle rettskrinsgrenser når domstolsstrukturen vert vurdert.

– Håpet er at vi får ha ein domstol i Volda som er for alle Søre-kommunane, Hornindal, Stryn, Eid, og kystkommunane i Nordfjord. Som ein følgje av Eiksundsambandet og Kvivsvegen kan vi ha eit nedslagsfelt med 75.000 personar, forklarer sorenskrivaren.

Jenny Klinge er invitert til Volda av lokallaget til Sp, og har med seg leiar Sølvi Dimmen og formannskapsmedlem Odd Harald Sundal til besøket i tingretten.

– Vi Sp er opptekne av at vi er ganske sterke i distriktet om vi får behalde og utvikle det vi har, seier Dimmen.