– Dette kan ikkje seiast klarare, meiner Hareid-ordførar Anders Riise.

Denne veka stilte stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) eit skriftleg spørsmål til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), der temaet var MF «Ullensvang» og flytting av denne frå Hareid-Sulesund.

«Vil statsråden sørge for at den beste løsningen på fergedisponeringen mellom de to fergesambandene kommer på plass?» var spørsmålet til Solvik-Olsen.

Solvik-Olsen skriv i sitt svar at han er positiv til justeringar.

«Statens vegvesen har i flere tilfeller tidligere godkjent bytte av fartøy som har vært i overensstemmelse med tilbudt materiell og kontrakten.» «Jeg er positiv til at Vegvesenet fortsatt jobber for å finne gode løsninger som gir et best mulig reisetilbud.» svarer ministeren.

– Eg er godt nøgd med svaret, seier Riise til Vikebladet.no. – Eg ser på det som ei klar bestilling til Statens vegvesen og meiner at det ikkje kan seiast klarare, held Riise fram.

– Tekniske problem og ulike uhell har ført til frustrasjon og irritasjon, skriv avisa om ferjestrekninga der «Ullensvang» går i dag.

No håpar Riise at Vegvesenet tek utfordringa frå minsteren, og ordnar det slik at Norled får bytte ut MF «Ullensvang».