Statens vegvesen region Vest vil ikkje ha ferja MF Ullensvang på Sognefjorden. Fagkoordinator Anders Sæternes i Statens vegvesen Region vest svarer slik overfor Sunnmørsposten:

– Dei skal levere det dei har tilbode i anbodskonkurransen. Vi meiner Ullensvang avviker vesentleg frå det som Norled leverte som beskrivelse av fartøy i sitt vinnande tilbod, og dermed ikkje tilfredsstiller kontrakten på Lavik-Oppedal.

Dette står i motsetning til det Norled sin regionsjef for ferjer, Inge André Utåker, ved fleire anledningar har uttalt. Han meiner MF Ullensvang tilfredsstiller kontraktkravet også på Sognefjorden.

Losse og laste

MF Ullensvang treng lenger tid på å losse og laste. Samtidig har ferjene betre tid på sambandet Lavik-Opedal. Begge ferjesamband har halvtimes ruter, men overfartstida på Lavik-Opedal er 20 minutt, medan den på Hareid-Sulesund er 25 minutt.

– Pluss at Sognefjorden ikkje kan samanliknast vêrmessig med Hareid-Sulesund, meiner Hareid-ordførar Anders Riise og meiner alt talar for at ferja bør gå i sambandet Lavik-Opedal.

Også Norled meiner det beste er å setje dei to mest effektive ferjene på sambandet Hareid- Sulesund, og setje MF Ullensvang inn på Sognefjorden.

Har ikkje vurdert

Det vil altså ikkje Statens vegvesen region vest.

– Har Region vest vurdert om Ullensvang er eigna for ferjeruta på Sognefjorden?

– Konkurransen er ganske klar på at du skal levere det du har tilbode. Ullensvang har aldri vore ein del av Norled sitt vinnande tilbod. Derfor er den heller ikkje vurdert, ut over at vi registrerer at den avviker vesentleg frå det som var ein del av eit vinnande tilbod i ein anbodskonkurranse, seier fagkoordinator Anders Sæternes.

Sæternes stadfestar samtidig at han har lese svaret samferdselsministeren gav i Stortinget.

Forundrar

Dette forundrar stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) frå Hareid stort. Grimstad tok saka opp med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) denne veka.

– Det er krystallklart, sjølv om det er høfleg. Han forventar at velviljen slår inn på vegkontoret, samtidig som han ikkje ønskjer å irettesette, seier Grimstad.

Grimstad trur at dersom Norled hadde meldt inn MF Ullensvang på Sognefjorden først, hadde dei godtatt den.

MF Ullensvang.
Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) Foto: Staale Wattø