Resultat frå spørjegranskinga mellom innbyggjarane i dei to bygdene er klar. Eit stort fleirtal meiner ei endra kommunetilknyting vil vere det beste i framtida.

- 91 prosent av dei som røysta meiner dette. Sterkast er støtta til eit samarbeid mellom kommunane Stranda og Norddal, opplyser Else Ragni Ytterdal i arbeidsgruppa for undersøkinga blant innbyggjarane.

Samanslåing av kommunane Stranda og Norddal har fått 55 prosent av stemmene.

Rundt ein tredel vil at dei to bygdene går ut av Norddal og inn i Stranda kommune.

Folkemøte oppmoda til ekteskap med Stranda

- 214 personar deltok i avrøystinga. Dette svarar til 56 prosent av dei som hadde stemmerett i bygdene Eidsdal og Norddal ved kommunevalet i 2015, opplyser Ytterdal vidare.

- Med bakgrunn i resultata frå spørjeundersøkinga ber arbeidsgruppa om at kommunestyret i Norddal kommune arbeider vidare med alternativet samanslåing av Stranda og Norddal kommunar i det vidare arbeidet i kommunereforma. Vi trur også det hadde vore ein fordel med ei tilsvarande undersøking i dei andre bygdene i kommunen for å få ein oversikt over folkemeininga i kommunen som heilskap, skriv Ytterdal i ei pressemelding.

Gjer som nesten 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.