I tillegg hadde legen ein fart på mellom 125 og 145 km/t i samanstøyten, melder NRK Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde i påska i år, og kravde livet til ei 49 år gamal seksbornsmor.

No har lensmannen i Vågsøy etterforska saka ferdig, og saka vert no sendt til påtaleansvarleg jurist.

Svært høg fart

Førebels er det uvisst om tiltale vil kome på aktlaust drap eller aktlaus køyring, ifølgje NRK.

Konklusjonen etter at selskapet Rekon har gått igjennom detaljane rundt ulukka, er at Mercedesen, som kom frå Nordfjordeid i retning Måløy, kan ha køyrd i mellom 125 og 145 kilometer i timen då den kom over i feil køyrefelt og traff den møtande bilen med seksbornsmora i.

Bilen med den polske seksbarnsmora i, har truleg køyrd i 79 km/t då ulukka inntraff, skriv Fjordenes Tidene.

Legen var påverka

I tillegg til å ha høg fart, har Folkehelseinstituttet rekna ut at legen har hatt ei promille på 0,5 som en følgje av medikamentar.

Mannen, som ble alvorlig skadet, men overlevde ulukka, har sagt i avhøyr at han ikkje huskar noko frå ulukka. Han kom frå nattevakt på Eid og skulle tilbake til Måløy.

- Mest sansynleg vert det tatt ut ein tiltale, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy til Fjordenes Tidene. Han meiner køyringa er skremmande.