Dødsulukka i Vågsøy som kravde livet til ei seksbarnsmor i 40-åra i påska, vert truleg ikkje ferdig etterforska før etter sommaren.

Først denne veka har føraren av den andre bilen vore i stand til å forklare seg om ulukka, skriv Fjordenes Tidende.

– Han hugsar svært lite eller ingenting av det som skjedde, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøya til avisa.

Følg smp.no på Facebook

Kom frå nattevakt

Mannen hadde vore på nattevakt i Nordfjordeid då han kom køyrande på riksveg 15 ved Bryggja i retning Måløy om morgonen skjærtorsdag.

Mannen har forklart at han ikkje kjende seg trøytt, men på grunn av etterforskinga vil ikkje Hvattum gå nærare inn på kva som er det siste han hugsar.

Årsaka til at det har teke lang tid før mannen har vore avhøyrt, er dei alvorlege skadane han fekk i ulukka.

Ventar på fleire rapportar

Lensmannen seier til smp.no at etterforskinga av møtelukka tidlegast vil vere avslutta på seinsommaren.

I tillegg til eigne undersøkingar og rapporten frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen, har dei beden om tekniske rapportar frå bilfabrikantane.

Les også: Seksbarnsmor mista livet i ulukkeLes også: Føraren har ikkje avgitt forklaringLes også: Etterlyser vitne til dødsulukke

– Feil køyrebane

Mannen som var passasjer i bilen som kvinna køyrde, har forklart seg tidlegare.

– Hans oppleving av det som skjedde, er at den andre bilen kom over i feil kjørebane, seier Hvattum.

Mannen har óg forklart seg om korleis fart dei to bilane hadde, men lensmannen vil ikkje seie noko om dette før ei eventuell avgjersle om tiltale ligg føre.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy ventar framleis på fleire rapportar om dødslukka i påska. Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard