Korleis nå fleire unge vaksne lesarar? Det er spørsmålet Sunnmørsposten no ønsker å få svar på.

Så mange som ein av tre unge får ikkje med seg nyheiter i tradisjonelle medium, viser tal frå 2022. I den same statistikken kjem det fram at 18 prosent er såkalla nyheitsunnvikarar. Samstundes finn fire av ti mellom 16 og 19 år nyheitene sine på TikTok.

No lanserer Sunnmørsposten ei spørjeundersøking: Målet er å kartlegge medievanar blant unge vaksne mellom 18 og 30 år. Undersøkinga er anonym, består av 23 spørsmål og tek om lag 5 minutt å svare på. Spørsmåla handlar om kven du er, kva medievanar du har og kva innhald du ønsker å sjå på Sunnmørsposten framover.

Link til undersøkinga ligg nedst i artikkelen.

Trur trenden kan snuast

Spørjeundersøkinga er ein del av masteroppgåva til Aleksandra Olsen, masterstudent i samfunnskommunikasjon ved Universitetet i Agder og nytilsett journalist i Sunnmørsposten, der ho skal arbeide med journalistikk retta mot unge vaksne.

Det endeleg målet er å nå ut til fleire unge lesarar og Olsen håpar undersøkinga vil gi ein peikepinn om kva som bør prioriterast for å lykkast med satsinga mot unge.

– Eg trur vi kan snu trenden. Det er eit stort potensial i den gruppa og om eit år trur eg vi vil merke at vi har fått mange fleire yngre lesarar, seier Olsen.

Olsen seier at andre aktørar som har hatt suksess med slike satsingar.

– Eg håper vi merkar det ved at unge tek kontakt med oss. At dei veit at vi er interessert i deira innspel og tankar. Og om dei vil stille opp i media, skal vi gi dei ei god oppleving.

Men om dette skal fungere, etterlyser Olsen hjelp frå dei som allereie les Sunnmørsposten.

– I første omgang må vi ha litt hjelp av foreldre, besteforeldre, lærarar og andre som arbeider med unge vaksne og er tradisjonelle brukarar av medium. Tips gjerne din unge lovande om spørjeundersøkinga!

Kvalitetssikra informasjon

Spørsmålet ein må stille seg er kvifor denne gruppa har falle utanfor. Er det fordi færre og færre har avisa liggande på kjøkkenbordet?

– Det er nok ei gruppe som alle aviser har utfordringar med å nå, og eg tenker at det viktig for heile samfunnet at også unge lærer seg å nytte redaktørstyrte medium. Derfor er eg veldig glad for at vi har fått Aleksandra Olsen på laget, og at ho kan bruke masteroppgåva si til å undersøke korleis unge oppdaterer seg og kva behov dei har.

Det seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten. Ho meiner at i ei tid med stor grad av desinformasjon, kunstig intelligens og dei moglegheitene og truslane dette inneber, er det å ha tilgang til kvalitetssikra informasjon viktig.

– Eg håpar arbeidet Aleksandra gjer kan kome oss og andre mediehus til gode, og eg vil oppfordre alle som kjenner nokon eller er i målgruppa til å svare. Det vil vere til stor hjelp slik at vi når ut til folk i alle aldrar, slik at vi får utført samfunnsoppdraget vårt.

Undersøkinga finn ein her (ekstern lenke). Den er anonym og det vil vere open ut februar.