Fredag var jentene tilbake i Årneset for å fortelje om dramatikken etter treninga måndag kveld.  Jentene på 17-årslaget til KFUM Volda hadde hatt trening på sandvolleyballbana ved badestranda.

Som vanleg tok dei ein dukkert i Rotevatnet, trass i at det visstnok skal ha vore berre 16 grader.

Ropte om hjelp

Det var oppbrotstemning. Nokre var inne og skifta. Andre hadde sett seg i bilen og var klar for å fare. Plutseleg høyrde dei to som ropte om hjelp.

– Då skjønte vi at noko var gale, fortel Sara Øvstebø Dyrhovden, ei av dei som hoppa i vatnet, symde ut til flåten og prøvde å dykke ned for å få tak i guten.

Men han låg for djupt. Det var også mørkt og vanskeleg å sjå noko på botnen. Men dei såg ryggen på guten.

– Vi følte oss hjelpelause, og det var skuffande ikkje å kome ned, seier Julie Brænde Helle.

Foto: Marius Bøstrand

Ringde 113

Bodil Brænde Helle er mor og trenar for laget. Ho var også til stades i dei dramatiske minutta.

– Om det hadde skjedd litt seinare. Kanskje berre fem minutt, då hadde vi vore vekk, fortel ho og tenkjer på kor tilfeldig alt er.

Heldigvis var dei igjen på stranda og kunne aksjonere.

Les også: Dei dramatiske minutta frå første melding til naudetatane

Det var Maren Brænde, søstra til Bodil, som ringde naudnummer. Ho var berre tilfeldigvis innom for å gi ein beskjed. Og Bodil ropte til henne at ho måtte ringe 113.

Redningsmannskapa kom snart på plass. Det at jentene kunne påvise kvar guten låg, gjorde at dei raskt fann han.

ROS Trenar og mor Bodil Brænde Helle rosar jentene på volleyballaget for at dei var snarrådige og handlekraftige. Foto: Marius Bøstrand

Rosar innsatsen

Jentene som var med i bergingsaksjonen er i 15-16-årsalderen. Bodil Brænde Helle rosar innsatsen deira.

– Dei var kjempeflinke og snarrådige. Dei er verdas best jenter, smiler ho.

Ho fortel at jentene handla raskt. Dei prata seg imellom og tenkte høgt, og gjorde alt dei kunne for å berge guten.

Sara Krumsvik var ei av dei som var på land. Ho høyrde at ein av ambulansefolka sa dei trengde ein båt.

Letta og glade

Torsdag kveld kom endeleg gladmeldinga om at guten var utanfor livsfare.

– Vi er veldig letta og glade, seier Johanna Vikan Bø.

Jentene på volleyballaget har fått oppfølging etter det som skjedde. Dei hadde trening på badestranda dagen etter. Og dei har også hatt møte med kriseteam og skadestadsleiar.

- Alle har reagert veldig, og det har vore vanskeleg å få sove. Eg har hatt bilde i hovudet av det, men då eg fekk vite at det går bra med han, vart eg veldig glad, seier Sara Øvstebø Dyrhovden og ho legg til:

– Det var noko eg ikkje trudde kom til å skje. Det var overraskande.

– Ja, det er eit mirakel, seier Julie Brænde Helle.

Torsdag kveld fekk Bodil Brænde Helle også ein overraskande telefon. Det var guten sjølv som ringde for å takke.

– Eg blei både rørt og overraska, fortel ho.

Ville gjort det same igjen

Alle jentene er glade i å bade. Og det er ingen tvil om at dei også er dyktige symjarar.

– Eg følte vi gjorde det rette. Vi hadde gjort det same igjen, seier Julie Brænde Helle.

Sju meter djupn, med høgt trykk og straumar, er vanskeleg å gjere noko med.

Badeflåta Guten var heldig som slapp frå badeturen med livet i behald. Jentene meiner badeflåta burde vore nærare land. Foto: SVEIN AAM

Viktig at dei var fleire

Dei held også fram at det var viktig at dei var fleire. For det som skjedde var skummelt. Då var det godt at dei var den gjengen dei var.

Jentene fortel at dei nok hadde vore usikre på kva dei skulle gjere, viss dei hadde fått opp guten.

I dette tilfellet hadde då trenar Bodil Brænde Helle visst kva ho skulle gjere, sidan ho er intensivsjukepleiar, men ambulansefolka var allereie på plass då guten kom på land.

Jentene meiner no at flåten i Årneset skulle ha lege nærare land. Hadde den lege på fire meter, meiner dei at dei skulle ha klart å få berga guten opp.