Støtteadvokat Mette Ekroll Nyland la ned påstand om oppreisingserstatning til alle dei tre barna som er fornærma i rettssaka som tysdag blir avslutta i tingretten.

Ho viste til at om dei tiltalte foreldra blir dømde etter tiltalen, vil vilkåra for oppreisningserstatning vere til stades. Tiltalen omfattar både alvorlege seksuelle overgrep og mishandling av barna.

Manglande innsikt

Aktor har tidlegare lagt ned påstand om fengsel i åtte og eit halvt år for den tiltalte faren/stefaren i saka. For mor til barna krev aktor fengsel i tre år og ni månader.

I prosedyren trekte ho også fram det ho meiner er mors totalt manglande innsikt i barna sitt liv.

– Ho ser berre seg sjølv og klarer ikkje ta barnets perspektiv, sa Nyland.

Erstatninga

Nyland la ned påstand om at den tiltalte mannen skal betale 275.000 kroner i oppreisingserstatning til stedottera, samt 225.000 kroner og 125.000 til dei to andre.

Påstanden når det gjeld mora er at ho må betale 225.000 kroner til den eldste av barna og 125.000 til kvar av dei to yngste.