Dermed er det berre den yngste broren, den tidlegare styreleiaren ved hotellet, som skal møte i lagmannsretten.

Den 39 år gamle hotellsjefen fekk ei fengselsstraff på fem og eit halvt år for å ha sett fyr på Selje Hotel og begått økonomisk utruskap mot selskapet.

– Det er heilt klart at dette er eit veldig stort forsikringsbedrageri, i tillegg til at det er eit stort skadeverk. Han er dessuten dømd for utruskap for i underkant av to millionar kroner. Det er jo klart at det må bli ei betydeleg straff, seier forsvarar Per Kjetil Stautland til Fjordenes Tidende.

I tingretten var det berre hotellsjefen som vart dømd for brannen. Frå før er det klart at statsadvokat Magne Nyborg ankar dommen mot styreleiaren, som vart frikjend i tingretten for brannstifting.