– Dette byrjar å bli alvorleg, seier plassjef Asbjørn Rogne ved Rolls-Royce Longva.

I haust har det fleire gonger vore forseinkingar og innstillingar for ferja til og frå Nordøyane. For tre veker sidan var ferja innstilt nesten ein dag.

Onsdag morgon måtte ferja innstillast igjen etter tekniske problem.

Plassjef Asbjørn Rogne.

For bedrifta med 200 tilsette byrjar den uregelmessige ferjegangen i haust å bli alvorleg, seier Rogne.

– For tre veker innrømde ferjeselskapet at dei braut konsesjonsvilkåra, seier Rogne.

Han lurer på om også konsesjonsvilkåra er for romslege. – Kravet til ny ferje innan fem timar er i grunnen for romsleg. Éin gong i året kan vi akseptere det, men ikkje meir, seier Asbjørn Rogne

Stressa

Onsdag føremiddag er fungerande produksjonssjef Lidvar Rogne lettare stressa, ei ferjeinnstilling skulle definitivt ikkje skjedd i dag.

– Vi har ein leveranse som vi absolutt skulle fått ut i dag, og som vi no får problem med, seier han.

– Og generelt er vi avhengig av vareleveransar til og frå. Vi skal levere på tid til kundane, seier produksjonssjefen ved Rolls-Royce Longva.

Sjekk: Driftsmeldingar frå Nordled

Onsdag klokka 12 har det ikkje kome ny informasjon frå Norled.

– Vi jobbar med å få på plass ei reserveferje i løpet av dagen, vi prøver først å få leige ferje av Fjord1, sa regionsjef Inge Andre Utåker til Smp.no klokka 08.30.