I Nordfjord var Måløybrua og Rugsundbrua stengd i periodar medan stormen rasa i Nordfjord. Måløybrua stengjer automatisk ved kastevind over 32 meter i sekundet.  Dette er nær grensa for vind med orkans styrke.

- Også ferja mellom Måløy og Oldeide er innstilt, og det vil den vere til til vêret gir seg, seier Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane klokka 12.

På Kråkenes fyr var det klokka 13 orkan, 33 m/s frå sør-sørvest, melder yr.no.

Ei ferje og hurtigbåt

Ferjestrekninga Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya vart klokka 11.30 innstilt inntil vidare på grunn av verforholda.

Tideekspress som trafikkerer hurtigbåtruta Hareid-Ålesund-Valderøy er innstilt inntil vidare, melder Norled klokka 15.15.

På Runde var det storm i kasta frå sørvest litt før klokka 13. Lenger nord på Sunnmøre var det rolegare.

På Ålesund lufthamn Vigra hadde det klokka 12 vore kastevindar opptil 22 meter i sekundet, opplyser lufthamnvakta på Vigra til Smp.no. Her er vinden venta å auke, og å vere på sitt kraftigaste mellom klokka 14 og 15.

For Ona melder yr.no om vindstyrke på 32 meter i sekundet frå klokka 14.

I Kristiansund oppfordrar kommunen foreldra til å hente skulebarna innan klokka 14 på grunn av det komande ekstremvêret, melder NRK.

Driftsmeldingar frå Norled (ekstern side)Driftsmeldingar frå Fjord1 (ekstern side)

Smp.no kjem med meir

Har du tips eller bilete frå stormen? Tips oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no! Du kan også merke bileta #smpno på Instagram.