Tre hundar frå Nord-Fron er på plass i Sykkylven for å finne ulven, men jakta er inntil vidare resultatlaus.

Med kvar sin hund har Morten Bredal, Stian Forr og Kenneth Hvattum frå Nord-Fron søkt etter ulven i Sykkylven frå tidleg måndag morgon til måndag ettermiddag, men det er uvisst kvar han har teke vegen.

Følg smp.no på Facebook

Kom ut av sporet

– Men så kom hunden ut av sporet. Ulven har følgt ein grusveg to- trehundre meter. Hadde sporet vore ferskare hadde det gått, men no var det borte, seier Morten Bredal - som ikkje er i tvil om at det er ulv som er sett i området.

Har du tips om denne saka? Send sms/mms til 95400400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.

To av tre skotne

Dei tre jegerane har utover dagen måndag leita litt på måfå. Dei har køyrt rundt ulike stader, men utan noko resultat.

Målet er å halde fram utover mandag kveld, etter at dei har kvilt seg.

Les flere nyheter fra Indre Sunnmøre på smp.no

Ga fellingsløyve

Ulven skal ha vere sett både i Stryn, Hornindal, Stranda og Sykkylven den siste tida.

Viltekspert Alv Ottar Folkestad t.h. for sauekadavra, saman med dyreeigarar og bygdefolk på Hellesylt søndag. Foto: Terje Engås