Ulvedyret som truleg har teke livet av fleire sauer og lam i Stranda-bygda Hellesylt, vart måndag kveld sett på nytt i Sykkylven.

Følg smp.no på Facebook

– Ikkje optimist

Leiar Kjell Perry Drotningshaug i viltnemnda i Sykkylven opplyser til smp.no at observasjonen vart gjort ved 18-tida.

Ved 23.30-tida måndag var det ikkje meldt om fleire observasjonar.

Til saman ni lokale jegerar og tre jegerar frå Gudbrandsdalen med hundar deltek i jakta. Hundane hadde tidlegare måndag ferten av ulven, men sporet var truleg ikkje ferskt nok til at dei klarte å følgje det.

Fleire drepne dyr

I helga vart det funnen ti drepne dyr i Hellesylt.

No er det gjort funn av til saman 15 døde dyr. I tillegg er ni sakna, opplyser Ulf Lucasen, som er konstituert assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dei har ikkje slått fast dette, men mistanken er sterk:

– Dei har sagt at det liknar ulv, og det har altså vore nok til at vi har gitt fellingsløyve i Stranda og Sykkylven. Men konklusjonen har vi ikkje fått på bordet enno, påpeiker Lucasen.

Ein av hundande til Morten Bredal, Stian Forr og Kenneth Hvattum frå Nord-Fron var på sporet av ulven måndag, men mista ferten. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Viltekspert Alv Ottar Folkestad t.h. for sauekadavra, saman med dyreeigarar og bygdefolk på Hellesylt søndag. No er det funnen til saman femten døde dyr - og ni er sakna. Foto: Terje Engås