Det seier rektor på Høgskulen i Volda (HVO), Johann Roppen, om brevet han har fått frå rektor Dag Rune Olsen på Universitetet i Bergen (UiB).

Tre alternativ

Johann Roppen har skissert tre alternativ for framtida til høgskulen. Det eine er ein allianse mellom sjølvstendige institusjonar, og høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer hatt fleire møte for å utvikle ideen om ein høgskuleallianse.

Profesjon

Det andre alternativet er eit profesjonsuniversitet for Vestlandet. Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har starta ei utgreiing av ein profesjons-høgskule/-universitet, og HVO har vorte invitert med i denne utgreiinga.

Tettare

– Det er spennande at eit av Norges eldste og beste universitet vil samarbeide tettare med Høgskulen i Volda. Vi har mange og lange samarbeidsrelasjonar med Bergen, men vi samarbeider også med Oslo og Trondheim, seier Roppen.

Ikkje enkelt

– Dette er inga enkel sak, og vi kjem nok ikkje til å ta ei avgjerd med det første. Det må til ein grundig diskusjon i fagmiljøet før vi landar på noko.

Rektor Roppen registrerer med glede at HVO er ein attraktiv samarbeidspartnar for mange, og seier at høgskulen uansett utfall vil halde fram med å dyrke det gode samarbeidet med UiB.