Herøyspelet landar også i år om lag som budsjettert og i balanse.

– Dette er kun muleg ved at det lokale næringslivet er med å støttar opp om denne store kulturdugnaden som vi er så stolte av, heiter det i pressemeldinga. Styret nyttar difor anledninga til å takke alle støttespelarane for årets sesong.

Dei seinare åra har spelet hatt fleire daglege leiarar, og ein ser klart er at det er ei stor utfordring å klare å kombinere ei slik deltidsstilling med andre jobbar. Jobben for styret i Herøyspelet vert no å tenkje strategisk framover - jamfør det å finne ein høveleg måte å administrere spelet på for framtida.

Kva dette inneberer vil prosessen framover syne. Uansett er førebuingane for neste års spel i godt gjenge. Spelhelga vert 4. og 5. juli.

I år fekk publikum sjå den 23. utgåva av Herøyspelet «Kongens Ring» på Herøy Gard.