Det melder festivalleiinga i ei pressemelding seint tysdag kveld:

Det tok om lag ein time før hackinga blei oppdaga og til Dokfilm sin nettansvarlege klarte å ta attende kontrollen på nettsida dokfilm.no.

– Eg tenker at dette er eit alvorleg og skremmande angrep på Dokfilm si nettside. ISIS skapar frykt, og når det treng seg inn på nettsida til ein liten festival i ei bygd i Noreg, er det klart det er overraskande og ekkelt, seier Guro Sollie Hansebakken i pressemeldinga. Ho er leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

– Min fyste reaksjon var mest av alt prega av forvirring, men me gjekk raskt inn i problemet og løyste det ganske raskt, seier Hansebakken.

Les også: Padder og folkefest under Dokfilm

Tilfeldig

– Me er ganske sikre på at Dokfilm er eit helt tilfeldig offer av ei hackegruppe som har angripe mange nettsider, seier ho.

Nettsida blei også utsett for hacking søndag kveld, men då var det ikkje noko som tyda på at nettsida var hacka av ISIS-tilhengarar.

– Me har hatt problem med angrep på nettsida tidlegare i veka, og måtte derfor oppdatere nettsida. Det var ein sikkerheits-plugin me ikkje rakk å oppdatere før angrepet kom. At me blei angripen var mest sannsynleg fordi me ikkje hadde denne pluginen på plass tidleg nok, legg ho til.

Politiet

Festivalen har ikkje opplevd noko liknande tidlegare, og kjem derfor til å rådøra seg med politiet

– Me kjem til å rådførte oss med politiet om kva me bør gjere vidare. Om det er samanheng mellom dette angrepet og det me hadde tidlegare denne veka, veit me ikkje.

Sjølv om leiinga for festivalen fekk seg ein støkk, er dei no klare for festival.

– Vårt største fokus no er å styrke tryggleiken på nettsida, slik at me unngår at dette skjer igjen. Men, det aller viktigaste er at det berre er ei knapp veke igjen til festivalstart, og det gler me oss enormt til, seier Hansebakken.