Eit foreldrepar klagar på at politiet har lagt vekk ei mobbesak i Vågsøy kommune, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Både kommunen, ein rektor og ein lærar vart i fjor sommar meldt til politiet for brot på opplæringslova, og for at dei ikkje hadde gjort nok for å hindre at barnet deira vart mobba.