Natt til fredag blei eit svensk vogntog på veg til Volda stoppa på Minnesund. I bilen fann Statens vegvesen ein svært sliten polsk sjåfør.

– Skrivaren stod på kvile da vi stoppa bilen, så vi aner ikkje kor lenge han har kjørt. Den blei sett i kvile ved midnatt og vi stansa bilen fredag føremiddag, seier Bjørn Uno Rogneby i utekontrollen til nettstaden tungt.no.

Vegvesenet pålagde mannen kviletid på ei veke, og bilen må stå staden minst til sundag.

Melder transportfirma

Politiet reagerte på at mannen hadde tukla med fartsskrivaren og gav mannen eit førelegg på 10.000 kroner og inndrog førarretten i Norge for seks månader.

Vegvesenet melder òg det svenske transportføretaket som mannen køyrer for. Selskapet har ifølgje tungt.no tidlegare vore innblanda i tvilsame saker i transportbransjen.

Følgjer saka

Johann Roppen i Volda TI Fotball leiar byggjenemnda for Mørehallen. Han fortel at det er deira grasleverandør som har brukt det svenske selskapet.

Treng ikkje no

Granulat er bildekk malt i småbitar og vert nytta som fyllmateriale i kunstgras. Roppen fortel at dei ikkje skal legge gras før om eit par veker.

– Difor tviler eg på at dette vil få følgjer for framdrifta vår. Strengt tatt treng vi ikkje denne lasta før om tre veker, seier han.

Kritisk fase

Likevel er det full aktivitet i hallen no. Planen er at den ska opne på 17. mai.

– No er vi i ein kritisk fase med hallbygging og mykje dugnad. Men vi skal kunne greie å opne 17. mai, seier Roppen.

nettsida til Volda TI Fotball kan du følgje framdrifta i hallbygginga.

Svensk vogntog lasta med granulat til Mørehallen blei stoppa på grensa. Foto: Statens vegvesen
Slik skal Mørehallen i Volda sjå ut når han står ferdig i mai 2014. Foto: Firegrader.com.