- Målet vårt er å spreie glede og interesse for kammermusikk i vår region, seier Trudi Eikrem om bakgrunnen for at dei no stiftar ei venneforeining.

Sunnmøre kammermusikkfestival blir 1. til 6. september arrangert for femte gong, med konsertar i Ørsta, Volda og Ulsteinvik.

Framsnakke

Ei stund var det fare for at det ikkje ville bli kammermusikkfestival i år, men no er det snart klart for festival, i ei noko mindre utgåve enn før.

- Vi ønskjer å framsnakke festivalen og at han skal leve vidare, seier Anne-Sofie Egset.

Venneforeininga skal hjelpe til med både marknadsføring og praktiske ting som billettsal.

- Viss mange kjem på konsertane, og det blir større oppslutning og merksemd, kjem vi inn i eit godt spor som også styrker festivalen økonomisk, seier Hallgerd Conradi.

Stiftingsmøte

Onsdag kalla initiativtakarane inn til pressekonferanse, og tysdag 26. august blir det formelt stiftingsmøte for venneforeininga, der det er håp om at mange møter. 28 personar har allereie signalisert at dei ønskjer å vere med.

- Dei som ønskjer å vere med og påverke vegval, må møte opp, oppmodar Hjalmar Eiksund.

Eldsjelene i venneforeininga meiner kammermusikk bør femne breitt og at fleire vil ha glede av å gå på konsertane. Trudi Eikrem trekkjer fram at mange har eit forhold til jazz og konsertar på intime stader.

- Kammermusikk inneber også at ein er tett på musikarane, og du får ei anna klassisk musikk-oppleving enn i eit stort konserthus. Her er det tett og intimt, seier Eikrem.

Wolfgang Plagge

Professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø er kunstnarleg ansvarlege for festivalen. I år er det lagt opp til fire opne konsertar. Dei profesjonelle musikarane skal også medverke rundt om på skular, i kulturskulen og på institusjonar.

- Det særmerkte er at festivalen har eit blikk mot dei unge, og det er samarbeid med kulturskulane. Unge musikarar får instruksjon og tilbakemeldingar frå profesjonelle musikarar, og det er viktig, seier Oddbjørn Nes.

Glad for støtte

Sunnmøre kammermusikkfestival er glad for at festivalen no får draghjelp frå ei eiga venneforeining.

- Dette set vi veldig pris på. Det er eit kjempebra tiltak, seier Øyvind Johan Eiksund, som er dagleg leiar for festivalen.