Eirik (18) vil prøve lukka i jojo-VM i Tokyo

- Eg kjem ikkje til å vinne, men eg trur det vil verte ei oppleving for livet.

Eirik Sætre Hove frå Volda har sidan han kjøpte sin første jojo for fem år sidan, blitt ein kløppar med det vesle leiketøyet. I fjor viste han kunstene sine i Norske Talenter på TV2 og kom heilt til finalen. Etter deltakinga i talentkonkurransen fekk han reise rundt i landet og vise jojotriks frå scenen i VG sitt sommarshow.

Les også: Vil vere ein rollemodell

- Sommaren i fjor var heilt topp, men denne sommaren kan bli enno betre, trur 18-åringen.

I august reiser han nemleg til hovudstaden i Japan, Tokyo, for å ta del i World Yoyo Contest – verdsmeisterskapen i jojo.

- Eg har øvd mykje etter at eg var med i Norske Talenter, og blitt mykje betre med jojoen. Men det er klart, World Yoyo Contest er eit enormt arrangement, med fleire tusen deltakarar, så eg prøver å ikkje ha så store forventingar. Uansett blir det nok ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme, trur Sætre Hove.

Les meir om Eirik i papiravisa fredag, og sjå jojoisten gjere ulike triks i videovindauget over.