Fredag ettermiddag og kveld er det venta kraftig vind og mykje nedbør på Nordvestlandet. Det melder Vervarslinga på Vestlandet tysdag ettermiddag.

– På kysten kan det bli liten storm. Og i eit belte litt innafor kyststripa kan det kome opptil 100 millimeter regn på kort tid, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til Smp.no.

Dei har ei stund sett at eit ruskevêr kunne kome. Tysdag ettermiddag var dei trygge nok til å melde at årets første hauststorm er på veg.

Følg smp.no på Facebook

For dei som framleis er i sommarmodus gjeld det altså å få ting i hus før sørvesten slår inn.

– Dette er ein typisk hauststorm. Men vi har hatt ein svært fin sommar, der nokon sikkert framleis er i sommarmodus. Derfor kan det vere greitt å minne folk om å få ting i hus, seier meteorologen, og nemner at flygande trampolinar kan skade hus og bilar og vere grobotn for nabokrangel.

Det er også store nedbørsmengder i vente.

– 30–50 kilometer innafor kyststripa kan det kome opptil 100 millimeter, seier Fagerlid.

– Lena dekte eit langt mindre område. No ventar vi storm frå Stad og i alle fall til Bodø. Dette er eit veldig stort lågtrykk, ein typisk hauststorm, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.