Og det trass i å ha vore store konkurrentar fram til samanslåinga. No har dei tre klubbane to sjuarlag i Norway Cup, blant anna i G14-klassen.

– Vi har alltid vore fiendar og spelt mot kvarandre, men vi begynte på ungdomsskole saman, og da vart vi kjende, seier Ørjan Langberg, spelar på det samansette laget, noko trenar Stian Skogen bekreftar:

– Det har vore eit fiendeopplegg: Dei skal vi slå, men nå er vi saman, og dei siste åra har vi hatt blanda lag, så då vart det eit samarbeid fordi alle dei tre laga hadde få spelarar, seier Skogen, som opphavleg representerer Gurskøy.

Gulrot

Gulrota i årets sesong for G14-laget til Tjørvåg/Moltu/Gurskøy er Norway Cup. Etter ein tøff start med to kampar søndag, klarte det samansette laget å vinne den direktesende kampen mot Bokn frå Rogaland.

– Det har fungert bra, men det var litt vanskeleg å få oss samspelte i starten, seier Ørjan, mens trenar Skogen utdjupar:

– Det har ikkje gått noko særleg, vi har hatt ein seier og mange tap i serien, men då vi fekk ein seier i den siste kampen før sommaren, så var det nok til å stå på vidare, forklarar Skogen.

Effektive

I måndagens kamp mot Bokn gjennomførte Tjørvåg/Moltu/Gurskøy ein god kamp.

Dei var effektive framover og spelte solid defensivt. Det gav til slutt ein 3-1-sigar etter scoringar av Ørjan Langberg, Gard Notøy og Eirik Skogen. I dei føre kampane har det enda med tap 1–3 for Uskedal og 1–7 for Magnet Youth Sports Org frå Tanzania.

– Nivået er høgare. Det er klubbar frå heile verda, og søndag spelte mot eit lag frå Afrika. Det var spesielt, seier Langberg.

Kosar seg

Sjølv om det høgst truleg blir B-sluttspel, er det ingen tvil om at opphaldet har vore overgått forventingane så langt.

– Det er fantastisk å vere her. Fint vær og fine folk, alt er fantastisk, seier Langberg.

Det normale i Norway Cup er å hamne i ei gruppe med fire lag, men Tjørvåg/Moltu/Gurskøy er sett i ei gruppe med totalt fem lag. Derfor spelar dei sin fjerde kamp allereie tysdag. Då er det Nanset frå Vestfold som er motstandar.

– Jo fleire kampar vi spelar, jo betre blir vi. Vi var også litt rustne etter ein liten ferie, seier Langberg.

Her er oversikta over alle kampane vi sender live.