Og det gjorde dei med eit lag beståande hovudsakleg av 15-åringar. I finalen blei det derimot for tøft og Oppsal vann 3–0.

– Vi er kjempefornøgde. Vi tapte for ein motstandar som vant fortent, det blei vanskeleg i finalen, seier trenar Andreas Nystøl.

I fjor fekk laget spele ein kamp i A-sluttspelet. Målet i år var å få ein kamp meir. Det klarte dei med glans.

– Alt etter andre kamp i A-sluttspelet var ein bonus. Om ein time eller to vil ein andreplass smake veldig godt, seier Nystøl.

Oppsal tok også andreplassen i klassen. Dei to klubbane kan nesten ikkje samanliknast.

– Oppsal har nok fleire gutespelar enn det vi har spelarar i klubben, seier Nystøl.

Totalt sett har Vanylven gjort de særs godt med dei tre laga som reiste ned til den norske hovudstaden.

– Absolutt godkjent med tre lag blant dei 16 beste i sine klassar. Vanylven har sat sitt preg på Norway Cup i år, meiner Nystøl.