Spelarstallen er styrka med fire nye spelarar. Ikkje minst gjeld dette Aleksandra Zimny. 22-åringen frå Polen, som står med fire landskampar, og kom nyleg til Volda HK frå eliteserieklubben Storhamar. Ho er venstre bakspelar og har signert toårskontrakt.

Klubben har også henta inn unge, lovande spelarar frå Møre og Romsdal. Dette er spelarar som har valt å flytte til Volda for å utvikle seg i ein ung, treningsvillig spelargruppe.

– Volda har blitt eit lag for heile regionen. Her er mellom anna spelarar frå Volda, Stryn, Herøy, Ålesund, Midsund og Molde, seier styremedlem Bent Ingebrigtsen.

På ein pressekonferanse i Volda fredag ettermiddag kunne klubben også presentere Fride Heggdal Stølen (18) frå Molde HK. Linjespelaren spelte eliteseriehandball for Molde i fjor, men kjem opphavleg frå Midsund. Ny i klubben er også Ingrid Rye frå Spjelkavik HK.

Halde plassen

Ny målvakt er også på plass. Ida Karlsen (20) kjem til Volda HK frå Midsund. 20-åringen har erfaring frå tredjedivisjon, men er småskadd og ikkje klar for spel før i november. Klubben er såleis på jakt etter fleire målvakter.

– Vi har no to til tre spelarar som kjempar om kvar posisjon på bana, seier ein godt nøgd Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.

No er det nye målet å halde plassen i 1. divisjon.

– Det er galskap å gå ut med ei anna målsetting denne sesongen. Klubben har prøvd å halde seg i 1 divisjon to gonger før, men har rykt ned, såleis er målet om å stå i divisjonen krystallklart i år.

Lagkaptein Kine Kvalsund er klar på at det er eit ungt og spennande lag.

– Tre stikkord for årets lag er tempo, forsvar og god trenar. Vi er betre trente enn før og kan såleis halde større tempo i spelet. Vi har også fleire variantar å spele på i forsvar, og med ein god trenar er treningane betre enn nokon gong, påpeikar ho. Kvalsund, som har spelt sju år for klubben, erkjenner at dei ikkje har vore gode nok dei to føregåande sesongane i 1. divisjon, men at alle gode ting er tre.

– Vi er ein godt samansveisa gjeng med god lagånd. Denne sesongen skal vi halde ut tempomessig heile kampen, og ikkje svikte på kondisjon dei siste 10–15 minutta av kampane, seier ho.