Sterk siger for Bergsøy mot topplaget Tjølling

Bergsøy sine håndballherrer leverte ein sterk kamp med 30-25 siger mot Tjølling i Herøyhallen laurdag og tok eit nytt stort steg mot kvalik til 1.divisjon.

Sterkt forsvar: Bergsøy var knallgode i forsvar framfor Roseth. Her er det Jonas Gudmundsen Lund og Evaldas Grieze som hindrar Roseth i å gjere ei redning  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Sport

Kampen opna i eit stort tempo der det stod 5-5 etter 10 minutt. Bergsøy drog litt meir ifrå inn mot pause og fekk med seg ei 16-12 leiing til kvilen. I andre omgang var Bergsøy fokuserte og stod imot det meste som kom frå topplaget Tjølling. På slutten av den intense kampen så roa heimelaget det i land og fekk til slutt to nye poeng og 30-25 siger. Bergsøy sine beste menn var Marcus Buchardt som hadde 12 assist og sju mål, medan toppscorar blei Emil Raknes med sine åtte scoringar. I mål stod også Oddvar Johan Roseth ein ny god kamp framfor omlag 400 tilskodarar.