Tusen løparar deltok i årets Skåla Opp

Raskaste løpar sprang Skåla opp på 1.09.57.

STARTEN: Årets Skåla opp starta som vanleg nede i Loen. Dei raskaste brukar berre vel ein time på å springe opp på det 1848 meter høge fjellet.  Foto: Gunnhild Sindre, Fjordingen

Sport

Stian Angermund frå Vik var raskaste løpar i Skåla opp laurdag, med tida 1.09.57, før Stian Øvergaard Aarvik, Gneist (1.11.32) og Johan Bygge frå Molde (1.11.50).


Fleire løparar i verdsklasse til Skåla Opp

Det er eit sterkt startfelt med både internasjonale og norske profiler som deltek i motbakkeløpet Skåla Opp denne helga.


Raskaste lokale løpar var Johan Olav Botn frå Stårheim på 13. plass, knapt åtte minutt bak vinnaren. Andreas Skylstad frå Norangdal IL kom på 15. plass, vel ni minutt bak vinnaren.

Raskaste kvinne var Karoline Holsen Kyte frå Oslo, med tida 1.23.29.

Sjå fleire resultat på arrangøren si side her.

Ifølgje avisa Fjordingen stilte tusen løparar til start i årets Skåla opp i Loen. Arrangøren melde om gode forhold og at det kunne ligge an til løyperekord, men det skjedde ikkje.