Bergsøy sikra siger med sterk sluttspurt

Bergsøy starta svakt heime mot Sverresborg, men vann til slutt og toppar tabellen etter to rundar.

Deividas Jovaisas vart toppscorar for Bergsøy heime mot Sverresborg.  Foto: Eivind M. Sævik

Sport

Førre runde vann Bergsøy greitt i sesongopninga heime mot NTNUI med 28–24. Laurdag gjekk det litt treigare for Bergsøy, som på det meste låg under med fire mål i første omgang. Til pause var dei likevel i ryggen på motstandar Sverresborg frå Trondheim på stillinga 13–14.