Suksess på Saksa

Saksa Turstiforening hadde vêrgudane med seg og fekk gjennomført Urke Challenge Saksaløpet utan problem. Som vanleg vart det fest når Urkefolket inviterer til arrangement.
Sport

Tre veker etter ei storslegen opning av Egilbu, samla Saksa Turstiforening krefter til ny hending laurdag. Med trasige vêrmeldingar for Vestlandet, kunne ein kanskje tenkje seg at arrangementet vart avlyst. Men gjengen på Urke gir seg ikkje så lett.