I villrede:

Volda handball har permittert dei tilsette, men har fortsatt håp om opprykk

Situasjonen er noko kaotisk i Volda handball torsdag.

Volda-spelarane Hilde Søyseth, Kine Kvalsund, Marte Nornes og resten av Volda-laget håper truleg fortsatt på dei kan spele i eliteserien kommande sesong.  Foto: Marius Simensen

Sport

Tidlegare torsdag skreiv Sunnmørsposten at opprykket til Volda sitt damelag truleg ryk etter at handballforbundet sluttførte tabellane. Det skjedde på eit tidspunkt der Volda sitt damelag nettopp hadde overtatt tredjeplassen i 1. divisjon, som vanlegvis gjer kvalifisering til eliteserien, akkurat før sesongen skulle avsluttast. Laget på tredjeplass får no tilbod om å rykkje opp, men det blir ikkje Volda. Rælingen på plassen bak har eit poeng mindre og ein kamp mindre spelt. Dermed har Rælingen betre snittpoeng, noko som handballforbundet sluttfører tabellane etter, og rykkjer opp til eliteserien.