Volda forlengde med hovudtrenaren

Halldor Stefan Haraldsson har skrive under på ein ny kontrakt med Volda sitt damelag i handball.

Halldor Stefan Haraldsson har signert ein ny kontrakt med Volda.  Foto: Marius Simensen

Sport

Sesongen som nyleg vart avslutta var den fjerde for han i klubben. No blir han verande i to år til. Det melder klubben i ei pressemelding.

– Volda Handball sitt damelag har allereie vist at dei høyrer til i toppen av norsk damehandball. Halldor har fått fram eit stabilt vinnarlag basert på lokale og regionale spelarar, og vi er svært entusiastiske og stolte over å ha fått med oss Halldor i minst to år til, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.

Haraldsson har i sine år i klubben tatt Volda tilbake i 1. divisjon. I begge sesongane har laget vore heilt i toppen av divisjonen og kjempa om opprykket denne sesongen. Dei låg på tredjeplass då sesongen vart avslutta på grunn av koronaviruset, men blei plassert på fjerdeplass til slutt, grunna dårlegare poengsnitt enn Rælingen.



– Grunnen til at eg signerer for nye to år, er drivkrafta i klubben. Det viktigaste for ein trenar er at ein kan stole på dei folka du har rundt deg, og det føler eg at eg kan her i Volda. Eg blir inspirert av den entusiasmen og alt det arbeidet folka knytt til klubben legg ned kvar dag, seier Haraldsson.


Volda må på keeperjakt, medan strekspelar er klar for toppklubb – har sjølv henta eliteseriespelar

Førebels har Volda handball fått inn tre spelarar og mista tre spelarar etter sesongslutt. Klubben ønskjer framleis å få inn to nye spelarar.


PODKAST: Landslagsspillerne Cecilie Fiskerstrand og Kristine Leine har besøkt Sunnmørsball denne gangen. Duoen forteller om hvordan koronapandemien har satt utenlandskarrieren på pause, og ikke minst sjansene for at de kan spille for AaFK Fortuna i framtida: