Stortalentet frå Ulsteinvik med god prestasjon på 200 meter: – Hans beste løp hittil i år

Jonas André Ose hadde eit lite håp om finaleplass på 200 meter, men 22:36 heldt ikkje heilt til finaleplass.

Det heldt ikkje heilt til finaleplass for Jonas André Ose. Erik K. Heimdal 

Sport

(BERGEN): Fredag sprang Jonas André Ose (Dimna IL) inn til 11,10 i semifinalen på 100 meter, noko som var litt over ein tidel bak dei som kom seg vidare til finalen. Laurdag klokka han inn på 22,36 og 5.-plass i semifinalen sin på 200 meter, og det vart heller ikkje finale på sprintaren laurdag – men prestasjonen var likevel god.