Rekorddeltaking på 1851 OppNed

Laurdag var rundt 300 personar til stades for å enten følgje med eller delta på motbakkeløpet 1851 OppNed.
Sport

På laurdag arrangerte Norddal idrettslag motbakkeløpet 1851 OppNed for femte året på rad. Deltakarane starta i botnen av Norddal, og målet var å stige opp den 1851 meter høge fjelltoppen Torvløysa, før dei deretter måtte gå ned igjen til start for å fullføre løpet. På deira nettside, omtalar Norddal idrettslag konkurransen som Norges høgaste motbakkeløp.