– Det er alltid litt spesielt å spele mot gamle lagkameratar, så også no. Eg spelte for KBK i 2015-sesongen, men eg vart tidleg skadd og måtte stå over store delar av sesongen. Men når eg var frisk, så spelte eg fast, seier friskusen frå Nordfjordeid.

Som nærast kviskrar at eigentleg held han mest med Stryn av Nordfjord-klubbane, sjølv om han er «eidar».

Han ramsar opp spelarar han spelte saman med i KBK for tre år sidan, som framleis spelar i KBK. Og det er ikkje få.

– Christian Michelsen var hovudtrenar då også, så dette vert litt spesielt, ja. Og det må eg seie - det er pinleg for KBK om dei taper for oss. Og eg har god tru på at vi kan slå dei, men då må vi ha ein toppdag. Det er veldig mange gode spelarar i Hødd, som minst held 1. divisjonsnivå. Og kanskje meir til, når alt klaffar.

– Nei, det trur eg ikkje. For mange av spelarane der er audmjuke karar som har vore med å spele opp KBK, og dei veit kva dette handlar om. Så eg trur ikkje dei berre kjem for å hente med seg sigeren heim, dei veit at dei må prestere for å slå oss, seier 25-åringen.

(saken fortsetter under bildet)

TRE ÅR SIDAN: Her er Hødds Joachim Magnussen i duell med KBKs Marius Hagen i 2015. No er Marius i Hødd.

I 2015 fekk han ein alvorleg lyskeskade, som etter kvart vart så ille at han måtte operere utpå hausten. Då hadde han takka nei til KBK sitt tilbod om å forlenge kontrakta, og det kosta han dyrt.

– Dei ville då ikkje betale for operasjonen min, så eg måtte punge ut med 40.000 kroner sjølv. Kanskje eg kan få att dei pengane med klubben dersom dei vinn mot oss torsdag?, ler han.

– Vi har alt å vinne mot KBK, og denne kampen vert heilt jamn. Og eg er veldig sugen på å score, noko eg ikkje har gjort i Hødd-trøya til no. Måla kjem snart, lovar Marius.