Fotballdommar Magne Krumsvik:

Tretti år på Norway Cup

Fotballdommar Magne Krumsvik (49) er klar for Norway Cup nummer tretti. Ingen andre har dømt så mange år i denne turneringa.

Norway Cup Magne Krumsvik (t.v.) dømde finale i juniorklassa for jenter, 19 år, i sjuarfotball under Norway Cup i 2015.  Foto: PRIVAT

fotball

(Møre-Nytt:)– Det er jo litt stas å vere den som får flest år bak seg på Norway Cup som fotballdommar. Det har vore veldig kjekke år med fotballdømming på Ekebergsletta, og eg har mange gode minne og opplevingar frå Norway Cup, fortel Krumsvik.