Sander Nyland satsar hardt på trenerkarrieren

Sander Håskjold Nyland (25) er blant Norges yngste trenarar i Norges tre øvste divisjonar. No er 25-åringen snart ferdig med sin UEFA A-lisens trenarutdanning.

UEFA A-Linsens: Trenerkurset er tredje av fire trinn på utdanningsstigen til Norges fotballforbund. I Norge er ein formelt kvalifisert til å vere hovudtrenar i 1. divisjon, Toppserien, samt assistenttrener i Eliteserien.Kreditering: Nærnett

fotball

(Nærnett:) Blant 150 andre søkjarar fekk Nyland og 31 andre trenarspirer plass på kurset, som førre veke hadde trenarsamling i Trondheim. Der følgde de Rosenborg Ballklub tett i ei veke.

UEFA A-lisenskurset gir kompetanse til å trene lag på toppfotballnivå og enkeltspelarar på høgt spelarutviklingsnivå.

– Det er veldig inspirerande å vere her på Lerkendal. Det er fantastiske grasbaner, fint anlegg, fin stadion og ei stor klubb. Det er veldig morosamt å vere ein del av et kurs som får sjå Rosenborg på nært hold, seier Nyland til Nærsynet på trenarkurs i Trondheim.

Hødd kan hjelpe Brattvåg:


Hødd kan hjelpe Brattvåg ved å slå Sola

Hødd kan hjelpe Brattvåg ved å slå Sola

Fredrikstad kan ikke gi fra seg et eneste poeng om de skal klare et høyst etterlengtet opprykk. Søndag har de hjemmekamp mot Brattvåg.


– Det blir lange dagar med mykje fotball. Vi startar som regel dagen med foredrag om morgonen, også ser vi Rosenborg trene. Vi har hatt litt kampoppgåver knytt opp til Rosenborg G19 og A-laget, i tillegg til praksisøkter på treningsfeltet. Det er varierte økter og godt innhald, seier Nyland.

Ung: Sander Håskjold Nyland (25) er ein av tidenes yngste hovudtrenarar på dei tre høgste nivåa i Norge. Han kjem frå ein fotballfrelst familie og er bror til keeperstjerne Ørjan Håskjold Nyland.  Foto: Marius Simensen (arkivbilde)

Tilbake på Høddvoll

Tidlegare fotballspillere som Magne Hoseth, Erik «Myggen» Mykland, Ingvild Stensland og Bojan Zajic er også ein del av årets kurs.

– Det er et fantastisk kollegium blant deltakarane som har masse kompetanse og erfaring som er fint å utveksle, seier Voldingen.

Tilbake på Søre Sunnmøre og treningsfeltet på Høddvoll, ser 25-åringen no tilbake på ei lærerik veke i Trondheim.

– Intens, utviklande og artig er vel eigentleg tre ord som beskriv den veka. Det er et veldig lærerikt og utfordrande kurs, som no nærmar seg slutten. Eg håper og trur at både eg og de andre blir betre fotballspelarar og leiarar av å vere der, fortel Nyland.

Tidlegare Hødd-trener og noverande marknadsansvarleg i klubben, Sindre Eid, har sjølv gått det same løpet som Nyland, og meiner kurset er svært viktig for utviklinga til trenartalentet.

Variert fotballerfaren: Fotballtrenar Sindre Eid var i si tid kaptein på det norske U-18 landslaget. Han har over 350 kampar for Hødd. Houvdtrenerrolla i klubben har han vore inn og ut av fleire gonger.  Foto: Nils Harald Ånstad (arkivbilde)

– Det får deg til å sortere tankane rundt kva fotball eigentleg handlar om. Man lærer seg å strukturere arbeidet sitt betre, og det aukar kompetansen. Det er gode kurs å ha med seg, seier Eid.


Hødd kjempa seg til tre poeng - måtte spele ein halvtime med ti mann

No kan Hødd rette ryggen

Tre poeng i Levanger var SÅ deileg for Hødd, og denne gongen måtte spelarane verkeleg i kjellaren for å hindre Levanger i å utlikne. For den siste halvtimen var eit massivt press mot Ole Monrad Alme i Hødd-buret.


Roser trenartalentet

Han er også full av lovord om sin avtaler, og meiner potensialet hans som trener er skyhøgt.

– Han kan nå utruleg langt. Når du er villig til å investere så mykje tid som Sander gjør i fotballen, og har den fotballbakgrunnen og fotballkompetansen hans så er det berre opp til han sjølv.

Eid held fram med å samanlikne Nyland med Erling Braut Haaland.

– Vi hadde ei spelar som scora hat-trick i Champions League no. Kanskje blir Sander trener for et Champions League-lag ei gang, kvifor ikkje?

Nyland sjølv har snart fullført sin første sesong som Hødd-trener, er derimot fokusert på å utvikle dagens Hødd-lag.

– Eg har jo ei gang sagt at eg har lyst til å trene et eliteserielag. Det er jo et hårete mål, og et mål som er godt inne i framtida. Akkurat no er ambisjonen å vere med på å utvikle Hødd og det potensialet som ligg i klubben her.

Nylands noverande kontrakt går ut i slutten av 2020.

Denne saka vart først publisert av Nærnett