Therese Falk var attende i heimbygda Hareid laurdag der ho sprang eit særs godt maratonløp.

43-åringen, som til dagleg bur i hovudstaden, er kjend både nasjonalt og internasjonal for å springe ultralange distansar. Nyleg forbetra ho verdsrekorden på ti maratonløp på like mange dagar i Italia med 14 minutt.

Laurdag sprang ho for andre gong Nordvest Maraton på Hareid. Etter ei sterk avslutning fekk ho sluttida 3.13.18, berre 20 sekund bak løyperekorden som Louise Skak sette i fjor.

Fantastisk tur

– Bittert at det ikkje vart løyperekord?

– Nei, slett ikkje. Eg hadde ein fantastisk tur, det er nesten meir eksotisk å springe i desse løypene enn mange plassar i utlandet, seier Falk.

Ho var aller raskast av dei åtte som sprang heilmaraton på Hareid laurdag.

Favorittsiger på halvmaraton

På den halve distansen vart som venta Olger Pedersen, Dimna, best. Han vann på gode 1.17.44.

– Eg har sprunge på 1.21 timar i denne løypa før, men hadde et mål om å klare 1.15, sa Pedersen. Som likevel var godt fornøgd.

29-åringen spring Berlin Maraton om tre veker, då er målet å forbetre «persen» på 2.36 timar.

Auke i deltakartalet

– Vi fjor hadde vi 33 deltakarar totalt, i dag deltok 51. At det er ei auke er vi fornøgde med, sa løpsleiar Vidar Vollsæter.

Som også var løpsansvarleg for 27 år sidan då det fyrste løpet vart arrangert.

Olger Pedersen frå Dimna IL vann som venta halvmaratondistansen under Nordvest Maraton på Hareid laurdag. Foto: Jarle Mordal