Idrettsstipend frå fylket:

Idrettsstipend til Birthe Franck-Petersen (18)

Kultur og folkehelseutvalet tildeler idrettsstipend for 2019 til Birthe Franck-Petersen (18 år) frå Ålesund Friidrett og Gaute Skar-Hovde (16) frå Haram Bowlingklubb.

Birthe Franck-Petersen får 40.000 kroner i stipend frå fylket.  Foto: Privat

Friidrett

Stipenda til utøvarane er på 40.000 kroner til kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 15-22 år.

Samstundes får moderklubben 10.000 kroner.

Mål om VM i Kenya

– Birthe er eit stort talent innan kast i friidrett. Ho har gode nasjonale resultat og deltatt på U18 EM. Ho er på rekrutteringslandslaget og har som mål VM U20 i 2020 i Kenya, skriv utvalet om talentet frå Ålesund Friidrett.

Norgesmester: Gaute Skar-Hovde vann bowling-NM for spelarar under 16 år.  Foto: Privat

Om Gaute Skar-Hovde (16), som også er ålesundar, skriv juryen:

– Gaute er ein seriøs utøvar av bowling. Han jobbar målbevist om å bli tatt ut på juniorlandslaget. Av resultat så langt har han blant anna 1. plass yngre gutar i NM Jr i 2019


Gaute ble norgesmester i bowling

Ålesunderen Gaute Skar-Hovde overrasket alle, men ikke seg selv, da han gikk helt til topps i NM i bowling i klasse Under 16 år sist helg.


– Idrettsstipendet vart første gong delt ut i 2017, og er ei ordning som skal vere med å gje utøvarar og klubbar moglegheit til å utvikle seg vidare og halde fram satsinga si. Det er derfor veldig kjekt å kunne dele ut stipend til to talentfulle ungdomar og til ein aktiv klubb, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet, i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Målet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til unge utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare.

I tillegg får idrettslaget Braatt frå Kristiansund tildelt eit klubbstipend på 50.000 kroner.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Friidrett