– Dommaren blåste og så stoppa ikkje tida. Hadde det vore dei to sekunda (som stod på klokka) så hadde det nok vore verre, men vi fekk sjansen til to pasningar og så eit skot. Dei tre sekunda var avgjerande for å få målet, summerer opp Volda-trenar Lars Johansen.

Situasjonen han skildrar er dei siste fem sekunda av kampen, då spelet vart stoppa ettersom Grane Arendals Elselin Øygarden fekk raudt kort på stillinga 19–20. Det gjorde at Volda fekk éin siste sjanse til å angripe på venstresida, og sjansen utnytta Volda-damene til det fulle.

Sjølv om det berre vart uavgjort – og Voldas fjerde poeng totalt denne sesongen – reknar Volda-trenar Lars Johansen dette nesten som ein liten siger.

– Det er herleg å få poenget, for det hadde vore surt å få med seg noko frå denne kampen. Eg føler at vi vann eitt poeng i staden for å miste eitt. No er eg berre glad, seier ein utsliten Johansen, som legg til at han kan setje seg i sofaen og glede seg over eitt poeng med godt samvit i kveld.

Her får Grane Arendals Elselin Øygarden raudt kort, og gir Volda ein sjanse til å utlikne. Foto: Svein Olav Humberset