Kjem til Ulsteinvik:

Populære handballdamer

No kan du sikre plass til handballfesten i Ulsteinvik.
Håndball

Billettane til landslagsturneringa i handball i Ulsteinvik i juli kjem for ordinært sal fredag 11. mars.

Hødd handball og handballforbundet arrangerer firenasjonar-turnering 21.-24. juli, der dei norske handballjentene deltek. Landslaget møter toppnasjonane Danmark, Frankrike og Romania til kampar i Ulsteinhallen.

Det spelast to kampar kvar dag og oppsettet er som følgjer:

Torsdag 21. juli: Frankrike-Danmark (17:15) og Norge-Romania (19:30) Laurdag 23. juli: Romania-Frankrike (17:15) og Norge-Danmark (19:30) Søndag 24. juli: Danmark-Romania (15:45) og Norge-Frankrike (18:00)

Billettar til kampdagane vert lagt ut for sal på Sjøborg kulturhus si side fredag 11. mars.

Billettar kan også kjøpast i servicetorget i Ulstein rådhus.

2.000 sitjeplassar

Det er planlagt å bygge tribuner med om lag 2000 sitjeplassar. Interessa frå handballmiljøet har vore stor, og meir enn halvparten av billettane er allereie reserverte eller selt etter få dagar med førehandssal via klubbane i Møre og Romsdal.

– Vi er kjempenøgd med responsen. Dei som ønskjer å sikre seg billettar til årets handballfest må vere raske, og vi lovar ei kjempeoppleving i Ulsteinhallen med verdas beste handballspelarar i aksjon, seier leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

70-årsjubileum

Handballgruppa i Hødd feirar 70-årsjubileum i år, og vil markere dette i samband med turneringa.

Dei norske Handballjentene kjem til Ulsteinvik allereie måndag 18. juli. Hødd handball planlegg ei opplevingsrik veke for gjestar og besøkande med handballskule, beachturnering, familiearrangement og seminar. Veka etter turneringa reiser landslaget til OL i Rio de Janeiro.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Håndball