Volda sine spelarar hadde sjansen til å vise seg fram for sin nye trenar, Halldor Stefan Haraldsson. Islendingen vart presentert i pausa, men har ikkje skrive under kontrakt enno. Etter ein svak førsteomgang, vart det litt betre etter pause, men totalt sett var Volda sjanselause til poeng i årets siste seriekamp.

Kvalifiseringsplass

Gjør som flere enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Gjerpen kom til Voldahallen for å vinne og for å sikre seg kvalifiseringsplassen til opprykk. Sidan Flint Tønsberg og Stabæk spelte uavgjort 18-18, vart det tredjeplass på Gjerpen og kvalifiseringsplass. Storhamar og Stabæk rykker opp til toppserien. Volda rykker ned til 2. divisjon etter å ha kapra berre 4 seriepoeng denne sesongen.

Andrea Rønning med 8 og Sunniva Andersen med 7 vart toppskårarar for Gjerpen. Kine Kvalsund skåra flest for heimelaget med 5 fulltreffarar.

Les flere sportsnyheter her