Bergsøy skaffa seg sjølve eit elendig utgangspunkt, men slo kraftig tilbake

Thriller-kamp enda godt (for Bergsøy-herrane)

Bergsøy tek juleferie med tre strake sigrar. Men søndagens heimesiger mot Kjøkkelvik sat svært langt inne.

- EIT BETRE LAG - Vi er eit betre lag enn Kjøkkelvik. Men vi skaffa oss sjølve eit elendig utgangspunkt. Mot slutten av kampen kunne det ha bikka begge vegar, seier Emil Raknes, som her scora eitt av sine tre mål denne kampen.  

Håndball

Kampen var faktisk ikkje så ulik ein klassisk Harry Hole-roman av Jo Nesbø, om vi ser vekk frå alt blodet: I starten såg det berre mørkt og trist ut. Så kom det eit glimt av håp. Deretter skjedde det fleire hendingar som forandra situasjon fram og tilbake. Men til slutt enda det godt.