Har som primært mål å halde plassen i 1. divisjon

Volda-trenaren vil skrive klubbhistorie

Ved to høve har Volda vore 1. divisjonslag i handball. Det enda begge gonger med nedrykk. No ynskjer Halldor Stefan Haraldsson å verte historisk.

spontan glede: Slik såg det ut då sluttsignalet hadde gått i Sandslihallen i Bergen onsdag kveld. Volda-damene slapp jubelen laus på ekstatisk nivå. Dei vann begge kampane mot Gneist og heile 58–43 samanlagt. FOTO: IDAR ARNE KRISTIANSEN 

Håndball

– Vårt primære mål for komande sesong i 1. divisjon er å halde plassen. Planen min har så langt følgt skjema. Då eg tok til her i Volda i 2016 skulle vi opp til 1. divisjon i løpet av 2018. Det har vi lukkast med. Men oppgåva som ventar i neste sesong vert annleis. Det er tøffare fysisk, høgare tempo og betre motstandarar, seier Halldor Stefan Haraldsson.