Bergsøytrenaren: – Vi skal opp!

Han er ikkje i tvil, alltid optimistiske Thomas Buchardt. – Vi skal opp til 1. divisjon!

18 mål: Evaldas Grieze var «outstanding» sist helg med 18 spelemål. – Evaldas tok ansvar mot Nøtterøy 2 då fleire andre ikkje hadde ein god dag, seier trenar Buchardt.   Foto: EIVIND SÆVIK

Håndball

Buchardt har stor suksess med Bergsøy sitt herrelag denne sesongen. Dei ligg på ein trygg 2.-plass på tabellen, men det er i grunnen leiarplassen sidan Tjølling, som no toppar 2. divisjon avdeling 2, har takka nei til å gå opp.

– Eg har lyst på 1.-plassen i avdelinga vår. Det ser bra ut for oss sidan vi i har slått HK-72 Sande i innbyrdes oppgjer, vi har også slått Fyllingen og Sotra. Så i realiteten har vi eit forsprang på fem poeng, seier Buhardt når han ser seg attende på tabellen.

– Har du begynt å sjå på moglege motstandarar i kvalifiseringa mot slutten av april?

– Eg veit at Kristiansand i avdeling 3 er eit veldig godt lag. Fjellhammer i avdeling 1 ikkje tapt, medan Lillehammer leiar avdeling 4. Vi skal vere godt førebudde når vi skal ut i kvalifiseringa der tre av fire lag rykkjer opp. Men fyrst er det sju seriekampar som står att å spele, seier Buhardt, den fyrste på søndag; heime mot Viking 2. Som har spelt godt i det siste. Bergsøy må difor vere skjerpa og Buchardt lovar full innsats.