Full pott for Volda etter to kampar: – Heilt supert

Det vart ein slitekamp for Volda, men dei drog sigeren i land mot Fjellhammer.

STORSCORAR: Aleksandra Zimny scora heile seks mål mot Fjellhammer søndag ettermiddag. Ho var også den mest aktive skyttaren til Volda på dagen med femten forsøk.   Foto: Svein Olav Humberset

Håndball

I første heimekamp for sesongen i 1. divisjon tok Volda imot Fjellhammer til dyst i Voldahallen. Det vart lenge ein tett og jamn kamp, men utover i andreomgangen viste Volda at dei hadde eit høgare nivå inne enn sine motstandarar. Volda-jentene vann til slutt fortent 24–21.