Volda er førebudd på krigekamp mot Førde

Volda skal møte eit desperat Førde på poengjakt søndag. Då kan det gå hardt for seg.

TØFFE TAK: Ingrid Jamtli Rye og Volda skal møte Førde til "lokaloppgjer" søndag.   Foto: Marius Simensen

Håndball

Etter tapet mot tabellnabo Rælingen i førre kamp, skal Volda slå tilbake igjen mot Førde søndag ettermiddag. Ein kan kalle det eit lokaloppgjer, for det er ingen lag som ligg nærmare enn Førde i denne divisjonen.