Sunnmørsposten skriv 23. mars at Senterpartiet vil ha ein annan modell for å styre sjukehusa. Det ynskjer vi mellom anna fordi helseføretaksmodellen tillèt at politikarar vrir seg unna ansvaret for underfinansierte sjukehus og kutt. Det er det som kjem til uttrykk når Helse Møre og Romsdal må spare inn eit hundretal millionar kroner, leggje ned fødetilbod, rehabiliteringssenter og sengeplassar i psykiatrien og stortingsrepresentantar svarar med at føretaksleiinga må gå.

Norske sjukehus vert i dag leia på ein måte som ikkje gir tillit i befolkninga. I dag skjer den politiske styringa av dei viktigaste sjukehusavgjerdene bak lukka dører, i møte mellom helseministeren og direktørane i dei regionale helseføretaka. Senterpartiet ynskjer folkevald styring av sjukehuspolitikken, slik at dei som tek avgjerder om våre viktigaste helsetilbod kan kastast ved val. I vår modell er det framleis staten som skal eige sjukehusa, men dei regionale helseføretaka vert lagt ned og ansvaret vert flytta til folkevalde nivå.

Det overordna ansvaret må ligge til Stortinget. Dei viktigaste oppgåvene til dei regionale helseføretaka må bli ein del av ein Nasjonal helse- og sjukehusplan. I valkampen i 2013 lova Bent Høie og Erna Solberg ein slik plan. Men stortingsmeldinga som bar namnet Nasjonal helse- og sjukehusplan overlét spørsmåla om funksjonsfordeling, investeringar og sjukehusstruktur til dei regionale helseføretaka – i strid med valløfta. Senterpartiet vil ha ein helse- og sjukehusplan som rullerast kvart fjerde år etter modell av Nasjonal transportplan. Når Stortinget vedtar ein slik plan, må det vere etter grundig faglig og politisk behandling og med breie høyringsrundar. Helse- og sjukehusplanen må avklare sjukehusstruktur, prioritere store investeringar og funksjonsfordeling, oppgåvefordeling og samarbeid mellom sjukehus. Den må avklare dei økonomiske verkemidla og sjå behandlingsforløp i ein samanheng.

Ved avvikling av dei regionale helseføretaka vil Senterpartiet desentralisere ansvar til eit folkevald regionalt nivå ved å erstatte dagens 20 helseføretak med 20 regionale sjukehusstyre der fleirtalet er vald av og iblant politikarane i fylkestinga.

Journalisten i Sunnmørsposten synes å vere bekymra for at samarbeidet om pasientbehandlinga mellom sjukehusa blir vanskelegare utan eit regionalt helseføretak. Det er det ikkje grunn til. Funksjonsfordelinga mellom sjukehusa eitt av spørsmåla Stortinget skal definere i Nasjonal helse- og sjukehusplan. For det andre vil Sp innføre ein nettverksmodell for samarbeid mellom sjukehus, der universitets-/regionsjukehus vert pålagt å samarbeide med mindre lokalsjukehus og omvendt.

Etter at kuttplanane i Møre og Romsdal vart kjent, har Sylvi Listhaug (Frp) ynskt å kaste heile leiinga i Helse Møre og Romsdal. Men leiinga i helseføretaket har ikkje gjort anna enn å sette den vedtekne politikken til regjeringa ut i livet. Føretaksmodellen krev nemleg at føretaka må drive sjukehusa med årlege overskot for å byggja opp eigenkapital til å investere i nye sjukehusbygg. Difor ser vi gong på gong at helseføretak kuttar i pasienttilbodet i forkant av store byggjeprosjekt – no også i Møre og Romsdal.

Kutta i Møre og Romsdal er heilt i tråd med politikken til Listhaugs eiga regjering. Snarare enn å kaste leiinga i helseføretaket vil vi kaste regjeringa, og innføre ein ny modell for styring og finansiering av sjukehusa.