Eg kan ikkje la vere å undre meg over kvifor alt no skal vere så stort! Kommunane skal verte større og fylka skal verte større, det same skjer innan dei statlege institusjonane – snart skal vel Fedrelandet og verte større!

Eg minnest ei vise som var populær for ikkje lenge sidan; «Hvorfor være stor når man er lykkelig som liten– de fleste gikk det ille – som større være ville»

Trur nokon at folket på Ona vil verte lukkelegare når dei treng over ei dagsreise for å nå tak i sentraladministrasjonen i Ålesund? Eg trur det ikkje! Før kunne onaværingane rekke eit besøk i hovudadministrasjonen på Harøya på eit par timar – fram og tilbake.

Det same skjer no innan sjukehus og andre - no velfungerande institusjonar! Dette kjem, etter mi meining, fram når folk på dei store sjukehusa – som skal verte større – ikkje veit om pasientane er døde eller i live! (jamfør det som skjedde i Molde).

Eg skuldar ikkje sjukepleiarane for noko, men eg trur sjukepleiarane lir av at dei har for lite tid til pasientane – betre vert det nok ikkje til større desse institusjonane vert! I forhold til det eg kan sjå, skal alt vekse i Fedrelandet – eg trur ikkje det er av det gode for oss innbyggjarane!