Over ni tusen unge i alderen 12 til 16 år har svart på spørsmål om vald og mishandling. Undersøkinga er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, og det er første gong barn heilt ned i 12-årsalderen har deltatt utan samtykke frå foreldre. Svara viser at:

* Ein av 20 er blitt utsett for alvorleg vald heime, til dømes blitt banka opp eller sparka.

* Ein av fem er blitt utsett for mindre alvorleg vald, som å bli lugga, rista hardt eller slått med flat hand

* Ein av fem har opplevd psykisk vald frå foreldre

Dette er oppsiktsvekkande mange. I ei skuleklasse vil det i gjennomsnitt vere minst eit barn som har opplevd alvorleg mishandling heime. Nokre barn og unge har dårlegare vern enn andre. Studien viser at dei som er mest utsette, er barn som veks opp med foreldre som slit med rus, psykiske problem, dårleg økonomi og barn av foreldre som er innvandrarar frå land utanfor Norden. Det er verdt å merke seg at over halvparten av barna som har opplevd vald, aldri har fortalt andre om det.

Levde i fryktregime

Dette vedkjem oss alle. Det er lett å tenke at overgrep er noko som skjer andre stadar, ikkje i vårt lokalmiljø. Men dessverre er det mange barn på Nordvestlandet som har ein grufull kvardag. Det blir mellom anna dokumentert gjennom Sunnmørspostens omtale av rettssaker. Tidlegare i år skreiv vi om eit foreldrepar frå søre Sunnmøre som vart dømt til fengsel i fleire månader for barnemishandling.

Tre unge brør hadde levd under det som vart omtala som eit fryktregime. Eit anna par på Sunnmøre vart dømt for grov mishandling av ei ung jente. Mishandlinga skal ha gått føre seg over fleire år. Retten uttalte at videoprov viste at jenta ikkje hadde overdrive skildringa av den valden som foreldra hadde påført henne, ho hadde snarare dempa den. Sakene som kjem til rettssystemet er berre toppen av isfjellet.

Mange barn lid vondt i det stille. Følgjene kan vere katastrofale. Barn som blir utsette for vald og omsorgssvikt har høgare risiko for helseplager, sjølvskading, rusmisbruk og for å falle på utsida av arbeidslivet. Tap av livskvalitet og mulegheiter i livet kan ikkje målast i kroner og øre.

Kostbar svikt

Eit regjeringsoppnemnd utval har analysert alvorlege saker der barn har vore utsette for vald og seksuelle overgrep. Målet har vore å avdekke på kva måte og kvifor det offentlege hjelpeapparatet har svikta, og avklare korleis hjelpetenestene kan bli betre. Utvalet analyserte også dei samfunnsøkonomiske konsekvensane, og kom fram til at barn som har vore utsett for alvorleg omsorgssvikt i 2015 eller tidlegare, kan forventast å koste samfunnet om lag 75 milliardar kroner gjennom livet. Av dette er om lag 35 milliardar produksjonstap i arbeidslivet, og resten er forventa kostnadar over offentlege budsjettet. Kunnskap om dei samfunnsmessige kostnadane er viktige for å få fram gevinsten av tidleg førebygging.

Ifølgje retningsliner frå Helsedirektoratet bør det vere minst ein helsesjukepleiar (det som tidlegare heitte helsesøster) på barneskulen kvar dag dersom det er fleire enn 300 elevar på skulen. Dei fleste skulane har langt mindre enn dette. Kvifor er det slik? Når ein veit at lett tilgjengeleg helsesjukepleiar gjer det lettare for barn som har det vanskeleg å ta kontakt, burde alle kommunar sørge for å oppfylle denne minstenorma.

Samfunnet har plikt til å verne barn og unge mot vald. Alle har plikt til å avverge overgrep, dersom det er mistanke om at barn blir utsett for lovbrot. Då er det vesentleg at vi har tillit til at barnevernet gjer ein god jobb. Norsk barnevern er i hardt ver for tida, det viser alle sakene som er innmeldt til behandling i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Kvaliteten på barnevernstenestene varierer frå kommune til kommune. Det er viktig at det blir jobba systematisk med å heve kompetansen og rettstryggleiken i alle ledd.

Eit enkelt menneske som bryr seg, kan få avgjerande stor betydning for barn som slit. Det kan vere ein førskulelærar, ein nabo, ein idrettsleiar eller andre som gir livsmot og omsorg. Det er viktig å understreke at trass i ein vanskeleg barndom, så kan mange få eit godt liv.

Trur det skal vere slik

19 år gamle Ayla i stiftelsen Forandringsfabrikken fortalde i eit intervju med NRK om ein valdeleg oppvekst. Først då ho vart 14 år klarte ho å seie frå om det ho opplevde heime. Ho fortel at mange barn forstår ikkje at overgrep i familien er ulovleg, og dermed er risikoen stor for at valden held fram i generasjon etter generasjon. God informasjon er avgjerande for å bryte den vonde sirkelen.

I samarbeid med Redd Barna har NRK Super hatt temadagar om vald mot barn denne veka. Mandag var det lansering av ny animasjonsfilm for dei minste, dramaserie for dei litt større barna og gode undervisningsopplegg for både skule, barnehage og foreldre. Å forstå at overgrep mot barn er ulovleg, er første steg for å sikre alle ein trygg og god oppvekst.