Og kanskje var årsaka til at kampen enda mållaus at trenar Sindre Eid valde å kvile sin nye spiss frå start av? Naglestad kom inn etter pause, men heller ikkje han makta altså å score.

– Eg ville sjølvsagt starte, men eg trur det var lurt av lagleiinga å kvile meg litt. Eg hadde spelt 150 minutt i løpet av fire-fem dagar rett før Vard-kampen, og før dette hadde eg ikkje spelt ein einaste kamp på eit halvt år, seier kristiansandaren Markus Naglestad.

Han spelte for HamKam i fjor haust, og scora ni seriemål på dei åtte kampane han fekk. Og Naglestad har store ambisjonar i Hødd også.

20 seriemål – minst

– Viss eg held meg skadefri, så bør eg score over 20 seriemål for Hødd i år. Det har eg gjort før, og eg har mange gode medspelarar her som gjer at sjansane vil kome. Då gjeld det å «sette» dei, og eg har tru på meg sjølv, smiler han.

20 seriemål er som sukker i munnen for Hødd-patriotane. Og den andre nye Hødd-spissen, Joachim Osvold, har også planar om å score mange mål. Men korleis hamna Naglestad i Hødd?

Drog til USA

– Etter siste kamp med HamKam i fjor, hadde eg og mi amerikanske kone bestemt oss for å flytte til USA. Og det gjorde vi. Men det drøyde med å få opphaldsløyve i USA, og utan den kan eg heller ikkje signere for nokon klubb. Og når sesongen i Norge nærma seg og eg var utan klubb, bestemte eg meg for å dra attende til Norge for ei periode. Og så vart det altså Hødd, seier han. Som har kona buande i USA framleis.

Hødd-trenar Sindre Eid var til stades på Brattvåg stadion då KFUM Oslo slo Brattvåg heile 4-1 søndag. Laurdag er det Hødd som skal prøve å slå Oslo-laget, men trenar Sindre Eid veit at det blir tøft.

– Eg fekk bekrefta at KFUM Oslo er eit veldig bra lag, eg vart litt imponert, må eg seie. Men vi har stor tru på vårt eige «prosjekt» også, så vi dreg til Oslo for å ta tre poeng. Markus er sjølvsagt høgaktuell, og kanskje det var eit lurt trekk å kvile han ein time mot Vard?, meiner Eid.

Spent: Sindre Eid sat på tribunen då KFUM Oslo banka Brattvåg heile 4-1, og han vart litt imponert. Men ikkje meir enn at han har god tru på Hødd-poeng i hovudstaden. Foto: Svein Olav Humberset Foto: Svein Olav Humberset